onsdag 31. oktober 2012

Pinnebrød og pinebrød



I går fann ein fyrste og fire fyrstinner vegen til hundremeterskogen på Skjold. Vi greidde å motstå ei gigantisk freisting på vegen, nemleg smågodt på Europris, i dette roverlaget har vi tydelegvis blitt sunne på våre gamle dagar. Vi snubla bortover ein mørk og gjørmete sti, med meir enn nok ninjagreinar som ville slå oss i andletet. Etter nokre minutt kom vi fram til det Ingeborg meinte var leirplassen i skogen. Staden såg ved fyrste augekast ut som ein tilfeldig stad i skogen, men etter at me hadde utført ein grundig arkeologisk undersøking av kva som fantes under alle blada på bakken fant vi steinar som forma ein bålplass. Vi sa oss nøgde med denne utgravinga og satt oss ned kring steinane. 




Schjelderu og Ingeborg drog ut nokre vedkubbar frå sekkane, og med Ingeborg og Vanja på bålvakt vart det snart eit stort, sprakande bål. Schjelderu var svært skuffa då han innsåg at Daniel ikkje var på møtet, slik at han måtte faktisk gjera noko når vi sa at Daniel skulle lage pinnebrødspinnar. Men når sjansen til å bruke speidarkniv byr seg for ein Nordåsspeidar er han aldri vanskeleg å be. (Skal vi tru på Ingeborg sine historier frå bymanøveren er også Nordåsspeidare svært begeistra for tanken på å kaste knivar etter fuglane som spankulerar rundt omkring i Bergen sentrum.) 



Etter kvart fekk vi også besøk av Malene, som har vorte så sunn at ho ikkje ein gong ville ha kanel og sukker på pinnebrødet sitt. Og vi veit alle at pinnebrød utan kanel og sukker = pinebrød! Med denne grada av sunnheit må det være like før ho takkar nei til fyrstekaka på fyrstelagsmøta også, og den slags haldningar tolererar vi ikkje over lengre tid i vårt roverlag! Her nyttar vi gjerne anledninga til å reklamere for forbundet sitt kurs om haldningar og handlingar vert heldt siste helga i april 2013. Vi trur det blir skikkelig bra!


Etter ei god stund med skravling, og Ingeborg som forgjeves prøvde å få oss med på allsong gjekk vi vidare til neste punkt på agendaen. Planlegging av bygget vårt til pepparkakebyen i Bergen! Vi fann ut at vi skal lage speidarsenteret i Bergen, og nokre telt eller gapahukar. Så til dei andre roverlaga som skal bygge til pepparkakebyen: Speidarsenteret er tatt! 

Etter kvart som føtene våre vart tilstrekkeleg kalde helte vi vatn på bålet, avslutta på tradisjonelt vis og tusla ut av skogen og heim igjen. 

Vi håpar så mange fyrstar som muleg vil kome på neste møte, vi har utfordra Ingrid til å ta med resten av fyrstelagsfamilien Hammer, og det blir uansett gode muligheiter til å toppe fjoråret sin pepperkakedeigkrig. Neste møte er 6. november og Line skal halde andakt for oss =)

PS: Takk til Vanja sin mamma som har korrekturlest!

Ingen kommentarer: